Kort fortalt

Equinor har funne olje i Norskehavet

Set i gang produksjon umiddelbart.

21.04.2021

(NPK-NTB) Eit oljefunn i eit nytt segment som høyrer til Tyrihans-feltet i Norskehavet kan gi mellom 19 og 26 millionar fat utvinnbar olje, melder Equinor.

Equinor har gjort funnet saman med Total E & P og Vår Energi, skriv dei i ei pressemelding.

Rettshavarane vurderer funnet som kommersielt og vil igangsette produksjon umiddelbart, står det i pressemeldinga.

– Plasseringa gjer oss i stand til å setje funnet i produksjon over Tyrihans-feltet umiddelbart, noko som både gir god lønnsemd og låge CO2-utslepp frå produksjonen, seier Nick Ashton, Equinors leitedirektør for norsk sokkel.

Tyrihans-feltet ligg i den midtre delen av Norskehavet, om lag 25 kilometer søraust for Åsgard-feltet og 220 kilometer nordvest for Trondheim.

Publisert: 21.04.2021 10:54

Sist oppdatert: 21.04.2021 10:55