Kort fortalt

Equinor-kontrakt for bølgjekraftselskap

Måløy-selskap skal utforske moglegheitene offshore.

Marius Rosbach
10.10.2023

Bølgjekraftselskapet Havkraft har signert ei kontrakt med Equnior om å gjer ein studie om moglegheitene ved å integrere bølgjekraft som energikjelde for mobile boreeiningar offshore, melder selskapet i ei pressemelding.

Maløy-selskapet skal vere ferdig med studien neste år og målet er å redusere CO2-utsleppa frå industrien betydeleg.

– At det største selskapet i Norge ønsker å jobbe med oss er noko som gir oss stor «cred» i marknaden. Det er noko vi, som eit lite gründerselskap, treng, seier dagleg leiar Geir Arne Solheim til Fjordenes Tidende, som omtalar saka tysdag.

Havkraft har fleire gonger henta inn betydelege beløp for å utvikle teknologien for bølgjekraft. Seinast i mai fekk dei inn nye 15 millionar i ny eigenkapital.

Ideen til Havkraft er å utvinne straum frå bølgjekraft, ein ide selskapet har arbeidd med sidan 2009. Ifølgje selskapet si eiga vurdering til investorane i kapitalutvidinga i fjor, vil gjennombrotsåret bli 2026.

Publisert: 10.10.2023 13:59

Sist oppdatert: 20.10.2023 08:38

Mer om