Møre og Romsdal er godt rusta til å ta del i utbygginga av havenergi
Tett og tidleg dialog er avgjerande for at ei beslutning om utbygging kan takast på rette premissar.
Tidlegare denne veka kom Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) med si anbefaling* til områder for utbygging av havvind langs norskekysten. Et av desse områda, Nordvest C, ligg utanfor Mørekysten.
- Ei havvindutvikling her vil vere viktig for å dekke eit sterkt aukande kraftbehov i takt med planar for grønn industrivekst i regionen. Utviklinga må likevel skje på ein berekraftig måte og ut frå eit heilskapleg perspektiv som inkluderer fleire kraftkjelder, for eksempel bølgjekraft og meir tradisjonell landbasert kraft. Ein må også i mykje større grad enn tidlegare evne å skape involvering og dialog i den vidare prosessen, seier Kristian Vik.
Les rapporten her (ekstern lenke)
Han leiar prosjektet Krafttak Nordvest, som sidan januar har jobba med å vurdere ny havenergi utanfor nettopp Møre og Romsdal. Prosjektet er finansiert av fylkeskommunens omstillingsprogram “Skaparkraft”.
Krafttak Nordvest vurderer både havvind, bølgjekraft og til dels solenergi på Mørekysten, og kartlegg viktige omsyn og parameter for ei berekraftig utvikling både for livet i havet og regionens næringsliv.
- Det er viktig å vere i forkant og skape god dialog med partar som blir rørt av ei eventuell framtidig utbygging. Det er heilt avgjerande at havbasert kraftproduksjon ikkje svekka livsgrunnlaget for marint liv og fiskebestandane i havet, seier Vik.
Krafttak Nordvest har hatt brei dialog for å kartlegge interessekonfliktar utanfor Mørekysten. Dei har mellom anna hatt dialogmøte med fiskerinæringa.
- Vår oppfatting er at fiskeriorganisasjonane er positive til ny aktivitet langs kysten, så lenge det skjer på riktige premissar. Ei eventuell åpning for aktivitet i regionen må skje i tett og tidleg dialog. Det må også settast av tilstrekkeleg tid, finansiering og ressursar til forsking og samhandling for å kunne gi svar på uavklarte biologiske spørsmål og konsekvensar før det blir teke beslutningar, seier han.
Utredninga frå NVE vurderer verken økonomisk lønnsemd eller om det eksisterer nødvendig infrastruktur for å realisere havvind i dei føreslåtte områda. Men Statnett har nyleg foreslått "Ytre Romsdal" (Nyhamna) som eit gryteklart ilandføringsområde med tilgjengeleg kapasitet og moglegheiter for å ta i land 1000-2000 MW havvind**.
I Krafttak Nordvest kartleggjast det korleis øvrig regionalt næringsliv kan bidra til utvikling av framtidas verdikjede rundt havenergi. Funna så langt viser et breitt og kompetent næringsliv som er godt rusta til å ta del i utviklinga.
- I regionen vår har vi både den nødvendige nettinfrastrukturen for ilandføring og fleire utviklarar av ny kraftproduserande teknologi som har stort industripotensiale, ikkje minst om det vert eksportert til verdsmarknaden. Regionens næringsliv har også lang erfaring frå offshore logistikk- og servicearbeid, som gir eit solid fundament for å støtte opp om produksjon, installasjon, drift og vedlikehald av en framtidig havenergipark, avsluttar Vik.
Krafttak Nordvest leverer sin sluttrapport i juni. Desse bedriftene er deltakarar i prosjektet: Havkraft, NCE iKuben, ON Ocean Network, Salt Lofoten, Glocal Green, SINTEF Ålesund og Doxacom som innehar prosjektleiarrollen.
Kristian Vik, prosjektleiar Krafttak Nordvest og rådgiver Doxacom AS
Publisert: 27.04.2023 21:54
Sist oppdatert: 28.04.2023 14:01