Bølgekraft illustrasjon havkraft 11
BØLGJEKRAFT: Ideen til Havkraft er å utvinne straum frå bølgjekraft, ein ide selskapet har arbeidd med sidan 2009. Illustrasjon Havkraft
Nytt

Havkraft henta nye millionar

Fekk trønder-investor med på eigarsida i løpet av to dagar.

30.05.2023

I fjor haust hente bølgjekraft-selskapet Havkraft i Måløy 15 millionar kroner i ny eigenkapital gjennom ein kampanje i regi av Folkeinvest. Kampanjen hadde eit maksimalmål på 25 millionar, men stoppa på 15.

900 investorar var med på den kapitalutvidinga.

I februar i år henta Havkraft ytterlegare 15 millionar kroner, går det fram av rekneskapen for 2022.

Det er son og far Håvard og Finn Skrogstad i Trondheim som vart medeigararar i den siste kapitalutvidinga, ifølgje dagleg leiar og medeigar Geir Arne Solheim. Skrogstadfamilien i Trondheim bygde opp programvareselskapet Sticos, som vart seld til Visma i 2020. I 2020 hadde Sticos 190 millionar kroner i driftsinntekt og eit resultat før skatt på 24 millionar.

- Det tok berre to dagar for første prat med Håvard og meg til vi var samde om at dette var riktig og bra, skriv Solheim i ei tekstmelding til NETT NO.

Håvard Skrogstad blei styremedlem i Havkraft i mars i år.

Skjermbilde 2022 10 12 kl 13 26 28 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
BØLGEKRAFTENTUSIAST: Geir Arne Solheim har arbeidd med bølgekraft-selskapet Havkraft sidan 2009. Han er dagleg leiar og stor aksjonær. Bilet frå selskapspresentasjon på nett i samband med kapitalutviding hausten 2022.

Kraft frå bølgjer
Ideen til Havkraft er å utvinne straum frå bølgjekraft, ein ide selskapet har arbeidd med sidan 2009.

Det siste testanlegget til selskapet, i samarbeid med Ulstein Betong og Marina Solution, låg i 2021 utanfor Tueneset i Ålesund. Kapitalutvidingane i fjor og i år skal finansierer utvikling og drift fram til selskapet byrjar å tene pengar.

Ifølgje Havkraft si eiga vurdering til investorane i kapitalutvidinga i fjor vil gjennombrotsåret bli 2026, med 58 millionar kroner i driftsinntekter og 4,2 millionar i driftsoverskot. Fram til 2028 skal inntektene vekse til 218 millionar kroner i året og eit driftsoverskudd på 43 millioner.

Nye kapitalutvidingar
Det kan bli fleire kapitalutvidingar i Havkraft.

Vi er opne for diskusjonar med nye investorar i ei potensiell større kapitalutviding i løpet av eitt til tre år, skriv Havkraft på nettsida si.

Eksisterande eigarar er også opne for å selje aksjar for mellom fem og 15 millionar kroner, ifølgje nettsida. Prisen dei vil ha per aksje er ikkje opplyst.

Publisert: 30.05.2023 05:00

Sist oppdatert: 30.05.2023 00:49

Mer om