Kort fortalt

Equinor legg havvindpark på is

Utset utbygging av Trollvind-prosjektet.

22.05.2023

(NPK-NTB): Havvindprosjektet Trollvind blir utsett av Equinor på ubestemd tid. Det kjem mellom anna av manglande tilgjengelegheit på teknologi og høg kostnadsinflasjon.

Manglande tid til å levere etter plan er òg ein grunn for avgjerda.

– Dessverre ser vi ikkje lenger noko høve til å levere på vårt opphavlege initiativ med å ha ein flytande havvindpark i drift i god tid før 2030, seier leiar Siri Espedal Kindem for Fornybar i Noreg i Equinor.

Då Equinor i fjor lanserte Trollvind, var målet ei investeringsavgjerd i 2023 og byggjestart i 2027. No opplyser selskapet at dette ikkje lenger mogleg å få til innan 2027. Vindturbinane på Trollfeltet skulle levere straum til Kollsnes – som både skulle gi lågare prisar i bergensområdet og bidra til å elektrifisere oljeplattformene.

(©NPK)

Publisert: 22.05.2023 16:17

Sist oppdatert: 22.05.2023 16:17

Mer om