Kort fortalt

Equinor med rekordresultat

Driftsresultat på 24,3 milliardar dollar.

28.10.2022

Høge gassprisar gjer at Equinor fekk eit justert driftsresultat på 24,3 milliardar dollar i tredje kvartal. Det er ny rekord for selskapet.

Det viser kvartalstala som vart lagt fram fredag morgon. I ei pressemelding heiter det mellom anna at Equinor har sterk inntening – hovudsakleg frå auka gassprisar.

– Russlands krig i Ukraina har endra energimarknadene, redusert energitilgangen og auka prisane. Equinor held fram med å levere stabil og høg produksjon, med gassvolum frå norsk sokkel på rekordnivå, seier Equinors konsernsjef Anders Opedal.

Han seier høg produksjon og framleis høge prisnivå gav svært sterke finansielle resultat, med eit justert driftsresultat på meir enn 24 milliardar dollar før skatt.

– Innteninga gjer at vi kan halde fram med å investere i energiomstillinga, samtidig som vi byggjer robustheit for usikre tider. Det har også ført til auka innbetaling av skatt. Til saman har vi betalt om lag 17 milliardar dollar i skatt dette kvartalet, seier Opedal.

Publisert: 28.10.2022 07:40

Sist oppdatert: 28.10.2022 07:41

Mer om