Kort fortalt

Erna lovar berekraftig havforvaltning

Skal vere på plass innan 2025.

02.12.2020
NPK-NTB: Statsminister Erna Solberg og 13 andre verdsleiarar lovar 100 prosent berekraftig havforvaltning innan 2025.
Det er dei 14 landa i det såkalla havpanelet som kjem med løftet. Noreg har leidd panelet saman med Palau.
– Ressursane i havet er både overskatta og undervurdert. Dette er ikkje berekraftig, og nasjonane i verda må samarbeide betre for å sikre reine og produktive hav, seier statsminister Erna Solberg (H) i ei pressemelding.
Dei 14 landa i havpanelet er Australia, Canada, Chile, Fiji, Ghana, Indonesia, Jamaica, Japan, Kenya, Mexico, Namibia, Noreg, Palau og Portugal.
Desse landa representerer 30 prosent av dei økonomiske sonene i verda til havs.
Det nye løftet betyr at medlemmene i havpanelet forpliktar seg til ei planmessig, berekraftig forvaltning av 100 prosent av eigne hav- og kystområde innan 2025.
Dette betyr at nær 40 prosent av kystlinjene i verda og 30 prosent av dei eksklusive økonomiske sonene vil vere underlagde heilskaplege forvaltningsplanar innan fem år. Gruppa oppmodar samtidig andre kyststatar til å sikre det same innan 2030.
I Noreg vil regjeringa følgje opp løftet med ei stortingsmelding om maritime verneområde. Denne kjem våren 2021.

Publisert: 02.12.2020 13:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24