Erlend Haugsbo 2 Ulstein betongindustri foto Marius
HADDAL: Dagleg leiar Erlend Haugsbø i Ulstein Betongindustri framfor ein av mange flåter dei har bygd til oppdrettsindustrien. No vil dei også lage kaiar med innebygd kjernekraftreaktor. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Her vil dei bygge flytande kjernekraftreaktorar

Ulstein Betongindustri inn i nytt samarbeid.

Marius Rosbach
06.05.2026

Selskapa Ulstein Betongindustri og Emerald Nuclear Inc  inngår et samarbeid med mål om å bygge flytande betongkaier med innebygd kjernekraftreaktor. 

Det kjem fram i ei pressemelding onsdag.

Gjennom intensjonsavtalen skal partane utvikle ei løysing der Emerald Nuclear Inc sin mikroreaktor blir integrert i Ulstein Betongindustri sine flytande betongkaier for cruisetrafikk.

Vil bygge reaktorar på Sunnmøre
Amerikanske Emerald Nuclear Inc har eit dotterselskap med adresse i Ålesund, med planar om å etablere produksjon av kjernekraftreaktorar på Sunnmøre.  

– Arbeidet vil omfatte vurdering av energibehov, kostnader, tidslinjer, lokasjonar og relevante samarbeidspartnarar. Resultatet skal danne grunnlaget for ein endeleg kommersiell samarbeidsavtale innan første kvartal 2027, heiter det i meldinga. 

Emerald Nuclear vil bidra med ingeniørtenester, medan Ulstein Betongindustri stiller med kunnskap om design, bygging og drift av flytande betongkonstruksjonar. 

Får med NTNU som partnar
Som ein del av prosjektet vil NTNU i Ålesund bli involvert som akademisk partnar i moglegheitsstudien. Målet er å sette ei ny retning for stabil og utsleppsfri energiforsyning til maritime operasjonar, blir det opplyst. 

– Flytande betongkaier har eit vidt spekter av bruksområder og gir stor fleksibilitet for brukane. Energiforsyning er kanskje det viktigaste segmentet i åra framover, uttaler dagleg leiar Erlend Haugsbø i Ulstein Betongindustri. 

Frå før er der kjent at Ulstein Betongindustri skal bygge eit flytande kontrollsenter for NTNU i Ålesund. Planen er at det også her skal om bord ein kjernekraftreaktor.

Publisert: 06.05.2026 11:32

Sist oppdatert: 06.05.2026 11:32

Mer om