I første kvartal 2026 slakta Salmon Evolution 1765 tonn, tre gangar så mykje laks som i første kvartal 2025. Det tilsvarar 40 prosent av de som ble slakta i heile 2025.
Les børsmelding med rapporten for første kvartal (ekstern lenke)
Ein del av forklaringa på den auka slaktinga i første kvartal, er at Salmon Evolution i fjor valde å utsette slakting i påvente av høgare lakseprisar.
Henta over 400 millionar
I april henta Salmon Evolution 411 millionar kroner i ei kapitalutviding.
Pengane frå kapitalutvidinga skal brukast til å betale kortsiktig bankgjeld og legge seg opp ein større buffer for å fullføre andre byggesteg på det landbaserte oppdrettsanlegget i Indre Harøy på Romsdalskysten.
Kapitalutvidinga betyr også at Salmon Evolution får refinansiert bankgjeld og utvida låneramma med 250 millionar kroner.
Når andre byggesteg er i full drift, skal den omlag doble produksjonskapasiteten til selskapet. Den første smolten blei nyleg sett ut i tankane i andre byggesteg. Planen er at andre byggesteg skal vere heilt ferdig bygd i løpet av året.
| Salmon Evolution ASA | ||
| 1. kvartal. I mill. kroner | 2026 | 2025 |
| Driftsinntekt | 152,2 | 41,7 |
| Driftsresultat | -38,2 | -44,7 |
| Resultat før skatt | -38,2 | -52,4 |
Publisert: 06.05.2026 10:28
Sist oppdatert: 06.05.2026 13:47






