Onsdag var det klart for seminar i Ålesund der eigarskap og vekst stod på dagsorden. Hareid Group var mellom dei lokale bedriftene som fortalde om sine erfaringar med å få inn ein ny eigar i eit familieeigd konsern.
– Vi kjente veldig på ansvaret ved at vi var den største private arbeidsgivaren på Hareid. Vi ønska jo å halde på dei lokale arbeidsplassane, fortalde Ann Magritt Bjåstad Vikebakk.
Ho er dagleg leiar i HG International og framleis med på eigarsida. Det var morfaren hennar som starta det som har vekse til ei hjørnesteinsbedrift i lokalsamfunnet.
Les også
– Ville krevje veldig mykje av oss
Allereie for ein del år sidan starta diskusjonen i familien om kva dei skulle gjere med eigarskapen. Dei ønska ikkje å selje seg heilt ut av bedrifta, men samtidig var det ingen med økonomiske musklar til å kjøpe ut dei andre.
– Det var mange ulike tankar, men vi forstod at det ville krevje veldig mykje av oss å halde fram på eiga hand, sa Bjåstad Vikebakk.
Løysinga for Hareid Group vart ein anna familieeigd aktør, investeringsselskapet Awilhelmsen i Oslo, og deira dotterselskap AWC AS.
– Hadde vi visst at det ville kome ei slik moglegheit, så hadde vi spart oss for mykje bekymringar, sa Bjåstad Vikebakk.

Trur på å vere mindretalseigarar
Bakgrunnen for salet av aksjane i Hareid Group var at nokre av aksjonærane ville ut. Det var avgjerande for valet av Awilhelmsen, at investeringsselskapet ikkje kravde å bli majoritetseigarar.
Dei enda opp med å kjøpe Teigene-familien sin aksjepost på kring 40 prosent. Bjåstad-familien og fleire tilsette vart med vidare som aksjonærar.
Investeringsdirektør Andreas Mørk i Awilhelmsen deltok også på seminaret i Ålesund. Han fortalde at dei har stor tru på strategien med å gå inn som mindretalsaksjonærar.
– Vi er veldig fornøgde med utfallet av prosessen. Å gå inn som minoritetsaksjonærar er noko vi er veldig bevisste på, fortalde Mørk.
Han peika på fleire årsaker. For det første er aksjemajoriteten i dei beste selskapa gjerne ikkje til sals. Samtidig ønsker dei helst å ha med menneska i selskapa vidare.

– No søv vi litt betre om natta
Awilhelmsen har med andre ord eit betydeleg lengre perspektiv på eigarskapet, enn til eksempel eit investeringsfond som vil ha ein exit-moglegheit i løpet av nokre få år.
Å få inn ein eigar med finansielle musklar og eit langsiktig perspektiv har gitt ny tryggleik for dei lokale eigarane.
– Det er godt å ha med nokon som har ein anna pengesekk, enn vår eigen. Vi har hatt nokre krevjande år og visste at om det gjekk skikkeleg dårleg, så ville vi ikkje vore i stand til å berge selskapet. No søv vi litt betre om natta, sa Ann Magritt Bjåstad Vikebakk.
Publisert: 06.05.2026 15:02
Sist oppdatert: 06.05.2026 15:10






