Kort fortalt

Erstattar makk og fiskebitar

Gründerar utviklar kunstig fiskeagn.

27.07.2016
(NPK): Bedrifta Kvalvik Bait har nyleg blitt heidra for sitt kunstige agn som luktar og smakar. No kan nyvinninga erstatte makk og fiskebitar.
Svein Kvalvik fekk med seg forskarar frå forskingsinstituttet Nofima og Sintef Materiale og kjemi til å utvikle ideen om å lage kunstig fiskeagn, skriv . I 2011 starta Kvalvik bedrifta Polybait som i dag er kjend som Kvalvik Bait.
SINTEF-forskar Huaitian Bu fortel at luktstoffet i agnet fyrst blir løyst ut i kontakt med vatn, og at det er ein stor fordel at agnet er biologisk nedbrytbart.
– Vi har utvikla sjølve agnet, medan Nofima har forska på kva lukt og smaksstoff fisken blir tiltrekt av, fortel Huaitian Bu til Forskning.no.
I tillegg til agn er det utvikla tre ulike kremar som skal bli smurt på fiskesluken eller floga. Kremane inneheld duftmolekyl og er spesielt utvikla for å lokke til seg kveite eller torsk, medan den tredje kremen er spesielt laga for laks, aure og røye.
I 2014 blei gründerane heidra med Norges forskingsråds innovasjonspris, og nyleg fekk dei òg prisen for beste agn på EFTTEX i Amsterdam, som er den største bransjemessa for fiskeutstyr i Europa.
Etter prisutdelinga i Amsterdam fortel gründerane at etterspurnaden etter agna har auka i den europeiske marknaden. Gründerane har òg utvikla eit agn som kan bli nytta i kommersielt linefiske.
Smak- og lukteprodukta er laga av restavfall frå fiskeindustrien som elles blir kasta. No gjer dei eit forsøk på å nytte innmat og skal frå snøkrabbe, som elles blir kverna opp og spylt på sjøen. (©NPK)

Publisert: 27.07.2016 17:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45