Kort fortalt

Ervik Havfiske startar treningsstudio

Utvidar verksemda på Leikanger.

Marius Rosbach
10.01.2024

Ervik Havfiske driv allereie alt frå hotell til daglegvare i lokalmiljøet på Stad. No utvidar dei verksemda til treningsstudio. Det melder reiarlaget på sosiale media.

Planen er å bygge eit frittståande treningssenter i tett samarbeid med Stad Hotell i sentrum av Leikanger. Namnet blir «Blackrock Gym», etter ei fiskebanke vest for Irland, opplyser reiarlaget.

Publisert: 10.01.2024 17:09

Sist oppdatert: 10.01.2024 17:09

Mer om