Kort fortalt

EU endrar selreglar

EU strammar inn handelen med selprodukt.

01.10.2015
(NPK-NTB): EU endrar i forbodet mot handel med selprodukt for å etterleve reglane til Verdshandelsorganisasjonen.
Noreg og Canada klaga EU inn for WTO i 2012, men handelsorganisasjonen slo i mai fast at Unionen er i sin fulle rett når han grunngjev forbodet med omsynet til den moralske oppfatninga om dyrevelferd blant folk.
EU blei derimot bedt om å endre utforminga av delar av regelverket.
Tysdag vedtok dei 28 EU-landa endringar på to punkt. Dei fjernar eit unntak frå forbodet som gjeld selprodukt frå fangst grunna berekraftig forvaltning. Reglane som unntek urfolk frå forbodet, er presisert og stramma inn, men vert ikkje fjerna.
– Dette gjer at EUs forbod mot handel med selprodukt er i samsvar med WTO-reglane, heiter det i et tysdag.
Regelendringa er tidlegare vedtatt i EU-parlamentet og vert gjort gjeldande frå 18. oktober. (©NPK)

Publisert: 01.10.2015 16:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50