Kort fortalt

EU satsar på offshore vind

Eit nytt europeisk forskingsprosjekt, LEANWIND, skal gjere offshore vind meir lønsamt.

18.02.2014
Til saman deler no EU ut ti millionar euro til aktørar som kan bidra til å redusere kostnadene for offshore vind, skriv .
Fleire norske selskap skal bidra i prosjektet, mellom anna SINTEF Energi, SINTEF-selskapet MARINTEK, Kongsberg Maritime AS og Norsk Automatisering AS.
Bidraget frå dei norske partnarane skal mellom anna kome innanfor felta skipstransportsystem, robotikk, kostnadsoptimalisering og vedlikehalds-teknologi.

Publisert: 18.02.2014 19:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:21