Kort fortalt

Får mobilvarsel ved dramatiske hendingar

Folk skal varslast på mobil om katastrofar rammar.

18.03.2022

Regjeringa innfører teknologi som gjer at du får pushvarsel på mobilen dersom terror, ulykker eller naturkatastrofar oppstår i nærleiken av deg.

– No kan vi nå ut med ein gong dersom det skjer ei ulykke eller noko anna befolkninga må varslast om, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) til VG.

Den nye beredskapstenesta «mobil befolkningsvarsling» som Mehl fortel om, er eit av tiltaka statsminister Jonas Gahr Støre presenterer i Stortinget fredag.

– Mange har fått SMS under pandemien, og det er fint det, men av tekniske årsaker tek det for lang tid. Det nye systemet vil gjere det mogleg for oss å nå ut umiddelbart, seier Mehl, som listar opp hendingar som gjer at innbyggjarane raskt kan varslast:

– Skyteepisodar, terror, gassulykker, brann, naturkatastrofe; flaum, ras og jordskred. Ordninga kunne vore nyttig eksempelvis under jordraset i Gjerdrum, der vi raskt kunne varsla, seier ho.

Publisert: 18.03.2022 08:00

Sist oppdatert: 18.03.2022 08:01