Kort fortalt

Fagforbund forstår permitteringar

Gjeld uvanleg mange i år.

18.11.2022
(NPK-NTB): Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN), som organiserer mange i fiskeindustrien, har forståing for permisjonsvarsla som er sende ut.

Medan laksenæringa kranglar med regjeringa om forslaget til lakseskatt, er det sendt ut permisjonsvarsel til rundt 1.300 tilsette i næringa. Fagforeininga seier dei forstår kvifor dette skjer, skriv Klassekampen.

– Eg vil seie at vi har forståing for det. No er det vanleg med sesongpermitteringar i denne bransjen, men ikkje i det omfanget vi ser no, seier forbundssekretær Yngve Hansen i NNN. Han opplever ikkje at bedriftene skubba dei tilsette framfor seg i kampen mot den varsla grunnrenteskatten.

– Det blir ei for tabloid framstilling. Det er ein konsekvens av uvisse som følgje av forslaget. Det kjem av uvisse knytt til inngåing av langsiktige fastpriskontraktar, seier han.

Både Hansen og forbundet meiner næringa kan og vil betale skatt, men seier det må vere ei føreseielegheit i botnen.

Næringa har protestert mot at ein såkalla normpris, kopla til lakseprisen på Nasdaq-børsen, skal leggjast til grunn, medan bedriftene tek omsyn til kontraktar med fast pris.

– Når du kan hamne i ein skatteposisjon der du betaler over hundre prosent, så forstår vi at bedriftene gjer som dei gjer, seier Hansen.

(©NPK)

Publisert: 18.11.2022 08:34

Sist oppdatert: 18.11.2022 08:40

Mer om