Kort fortalt

Fall for norsk industri

Industriproduksjonen går nedover.

07.12.2015
(NPK-NTB): Produksjonen i norsk industri gjekk ned 1,9 prosent i perioden mellom august-oktober i år, samanlikna med tremånadersperioden før.
Indeksen er no på sitt lågaste nivå sidan desember 2012, viser nye sesongjusterte tal frå (SSB). Lågare produksjon i olje- og gassrelatert industri forklarar mykje av nedgangen. Frå september til oktober i år var nedgangen 2,3 prosent.
Innanfor bygging av skip og oljeplattformer har næringa falle med nesten 30 prosent sidan toppen i august 2014. Innanfor maskinindustrien har det vore eit fall på rundt 13 prosent sidan næringstoppen i desember 2014, i tillegg til nedgang i maskin og- installasjonsnæringa. Den reduserte investeringsaktiviteten i olje- og gassektoren har også ført til nedgang i bruken av innleidd arbeidskraft.
Trelast- og trevareindustrien har på sin side hatt ein auka produksjon i denne perioden. (©NPK)

Publisert: 07.12.2015 12:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49