Kort fortalt

Fallande pandemitillit

To av tre har tillit til informasjonen.

13.03.2021

Eitt år etter at Noreg stengde ned, er tilliten nordmenn har til styresmaktene lågare enn i mars i fjor og med fallande trend, ifølgje Opinion.

I mars seier to av tre nordmenn, 65 prosent, at dei har tillit til informasjon som blir gitt av regjeringa. 19 prosent har ikkje tillit, medan resten svarer verken eller.

Tilliten ligg 9 prosentpoeng under mars i fjor, og er no på det lågaste nivået under pandemien saman med juni, melder Norsk Koronamonitor frå Opinion.

67 prosent seier at dei har tillit til informasjon som blir gitt av helsestyresmaktene. Berre seks av ti (59 prosent) seier at dei har tillit til at helsestyresmaktene har sett i verk dei nødvendige smitteverntiltaka for å avgrense smitten. 22 prosent har ikkje tillit.

Seniorrådgivar i Opinion, Nora Clausen, seier at tilliten i befolkninga til at nødvendige tiltak er sett i verk for å avgrense smitte, i fleire veker på rad har hatt fallande trend.

Opinion har spurt over 98.000 nordmenn i undersøkinga. Målingane er gjorde kontinuerleg under pandemien.

(©NPK)

Publisert: 13.03.2021 08:30

Sist oppdatert: 13.03.2021 03:03

Mer om