Kort fortalt

Fekk ikkje til kveite

Marine Harvest gir opp kveiteoppdrett.

02.02.2016
(NPK): Sterling White Halibut AS, som er dotterselskap til Marine Harvest, føreslår ei avvikling av kveiteproduksjonen sin.
– Dei tilsette har i ei årrekke stått på for å lage eit førsteklasses produkt, men produksjonen av kveite har dessverre vist seg svært krevjande og kostbart. Når vi ikkje kan drive lønsam produksjon, fell føresetnaden for drift bort, seier administrerande direktør i Sterling White Halibut Magnus Skretting.
Dei tilsette er informerte om forslaget om styrt avvikling. Dei vil, så sant det er mogleg, få tilbod om stillingar i Marine Harvest Norway, fortel IntraFish.no. (©NPK)

Publisert: 02.02.2016 14:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48