Kort fortalt

Fekk offshore-smell

Rogalandsbank taper store pengar på oljekrisa.

10.08.2016
(NPK-NTB): Sparebank 1 SR-Bank har fått tredobla tapa på utlån i første halvår. Banken i Rogaland taper særleg pengar på selskap i oljebransjen – og trur det vil fortsette.
Sparebank 1 SR-Bank hadde eit resultat før skatt på 973 millionar kroner første halvår, mot 1.180 millionar kroner i same periode i fjor, ifølgje rekneskapstala som vart lagt fram .
Administrerande direktør Arne Austreid fortel om krevjande tider med ein framleis låg oljepris, noko som gjer at banken aukar nedskrivingane på utlån. Frå første halvår i fjor til same periode i år har dei auka frå 132 til 455 millionar kroner.
– Eg ventar at vi i dei kommande kvartala må gjennomføre nedskrivingar på utlån som svarar til omtrent det nivået vi så langt i år har ført, kommenterer Austreid.
Ifølgje er 323 millionar kroner av nedskrivingane i stor grad knytt til fire lån innan oljeservicebransjen.
– Tett oppfølging av kundar og førebyggjande arbeid er framleis viktige verkemiddel for å kunne redusere framtidige tap, seier banksjefen.

Publisert: 10.08.2016 10:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44