Kongshaugen reinseanlegg illustrasjon Asplan Viak
NYTT ANLEGG: Veidekke skal mellom anna bygge nytt administrasjonsbygg ved det nye reinseanlegget for Ålesund og Sula. Illustrasjon: AsplanViak
Kort fortalt

Fekk storkontrakt på reinseanlegg

Veidekke sikra seg ein av dei største avtalene i prosjektet.

Marius Rosbach
07.05.2025

Sula og Ålesund kommune har inngått kontrakt med Veidekke om bygging av administrasjonsbygg og andre byggearbeid i samband med Kongshaugen reinseanlegg. Det kjem fram i ei pressemelding onsdag. 

Verdien på kontrakten er på 400 millionar kroner og er mellom dei største i «BLÅ fjordar for framtida»-prosjektet. 

Prosjektleiar Terje Endresen seier kontrakten er eit viktig steg i arbeidet med å få på plass ei løysing for avløpsvatnet frå rundt 50.000 personar. 

Veidekke skal bygge administrasjonsbygget til reinseanlegget med elektroarbeid, luftbehandlingsanlegg, grunn- og utomhusarbeid. Sjølve bygget er over to etasjar på til saman rundt 1000 kvadratmeter.

I tillegg gjeld kontrakten ein god del bygningsmessige arbeid for reinseanlegget i fjellet som boring av ventilasjonssjakter, betongarbeid, vatn- og frostsikring samt andre bygningsmessige arbeid.

Veidekke skal etter planen starte arbeidet i september i år og vere ferdige i januar 2028. 

Publisert: 07.05.2025 13:32

Sist oppdatert: 07.05.2025 13:32

Mer om