(NPK-NTB): Det meiner Fellesforbundet, som dessutan slår fast at dei ønskjer å forhandla først i det såkalla frontfaget.
Strid om pensjonsordningar kan bli ei hovudstridssak i oppgjeret i år.
Fellesforbundet, som er LOs største i privat sektor, vedtok tysdag at NHO-motparten Norsk Industri i år får servert krav om pensjonsopptening frå første krone og krav som sikrar pensjonsrettar ved jobbskifte.
Ei felles pensjonsutgreiing frå dei to tungvektarane trekkjer i same retning, men Norsk Industri ønskjer å halda pensjonsspørsmålet utanfor sjølve tariffoppgjeret.
Også internt i LO fører pensjonsspørsmålet til usemje. Handel og Kontor – som er det nest største LO-forbundet i privat sektor – meiner at LO må fremja pensjonskrav i eit samla oppgjer. Men sidan forbundsstyret til Fellesforbundet tysdag gjekk inn for å krevja eit forbundsvist oppgjer, er det svært sannsynleg at det også blir utfallet når representantskapet i LO formelt vedtek krava og posisjonane i LO 23. februar.
Forbundsstyret i Fellesforbundet har også vedteke ein låglønsprofil ved tariffoppgjeret i år. (©NPK)

Publisert: 27.01.2016 07:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48