Kort fortalt

Fem aktørar klare for havvindauksjon

Vil bygge ut Sørlege Nordsjø.

16.02.2024

(NPK-NTB-Gunnhild Hokholt Bjerve): Fem aktørar har kvalifisert seg for å delta i auksjonen om å byggje ut havvind i Sørlege Nordsjø II. Auksjonen opnar måndag 18. mars.

Aktørane har dokumentert at dei oppfyller minimumskriteria for berekraft og positive ringverknader, og dei har også oppfylt krav om gjennomføringsevne, opplyser regjeringa i ei pressemelding.

Dei fem som får delta, er:

  • Aker Offshore Wind, BP og Statkraft
  • Equinor og RWE
  • Norseman Wind (Energie Baden-Württemberg AG)
  • Shell, Lyse og Eviny
  • Ventyr (Parkwind og Ingka)
  • I auksjonen vil dei konkurrere om statsstøtte. Aktøren med det lågaste bodet i øre per kilowattime vinn.

– Eg ser fram til ein god auksjon mellom desse selskapa, seier energiminister Terje Aasland (Ap) i pressemeldinga.

Området som skal byggjast ut, ligg sør i Nordsjøen, nær grensa til Danmark. Vindmøllene skal vere botnfaste og vil ha ein kapasitet på 3000 megawatt.

I mars i fjor inviterte regjeringa selskap til å delta i kampen om første fase av utbygginga. I november var det klart at sju selskap hadde søkt, og av desse er det altså fem som oppfyller krava til å delta i auksjonen.

Regjeringa hadde opphavleg planlagt at auksjonen skulle haldast innan utgangen av fjoråret, men fristen rauk. Først 20. desember vart det klart at EØS-overvakingsorganet Esa godkjenner statsstøtta som er nødvendig for å setje i gang. Kostnadsramma for støtta er på totalt 23 milliardar kroner og inneber at staten tek ein del av den økonomiske risikoen.

Både forskarar og energiselskap har sett spørsmålsteikn ved lønnsemda i prosjektet.

Ambisjonen til regjeringa er at det innan 2040 skal tildelast område for 30.000 megawatt havvindproduksjon. Sørlege Nordsjø II er opna for ein kapasitet på 3000 megawatt.

Publisert: 16.02.2024 08:44

Sist oppdatert: 16.02.2024 08:44

Mer om