More sjo illustrasjon
HYDROGEN: GMI Group, tidlegare Møre Sjø er mellom dei som har fått støtte til å bygge skip for hydrogendrift. Førebels manglar det infrastruktur langs kysten. Illustrasjon: Naval Dynamics
Kort fortalt

Fem hydrogenanlegg klare for byggestart

Florø og Kristiansund blir del av nettverk for produksjon og bunkring.

Marius Rosbach
10.11.2025

Arbeidet med fem hydrogenanlegg langs kysten er no klare til byggestart. Prosjekta har tidlegare fått støtte frå Enova og opplyser no at dei har teke ei avgjerd om å investere, ifølgje ei pressemelding. 

Anlegga skal vere del av eit nettverk  for produksjon og bunkring av hydrogen, frå Slagentangen i Oslofjorden til Bodø i nord. Kristiansand, Egersund, Florø, Kristiansund er dei andre plassane det er planlagt å bygge anlegg. 

I Vestland er det HyFuel-prosjektet som er klart til å realiserast. Hydrogen Solutions, Fjord Base, Sogn og Fjordane Energi står bak samarbeidsselskapet. 

I Kristiansund er det GreenH som vil bygge hydrogenanlegg. Selskapet vil også bygge eit anlegg ved Bodø. 

«Når prosjektene nå går fra planlegging til bygging, tar vi et stort steg mot å gjøre hydrogen til et tilgjengelig drivstoff og et reelt alternativ for sjøfarten i Norge», uttaler Sigmund Ø. Størset, som er målansvarlig for hydrogen og ammoniakk i Enova, i meldinga

Det neste steget for Enova, er å tildele støtte til bunkringsanlegg for ammoniakk. Fristen for å søke gjekk ut i oktober og innan nyttår blir det klart kva prosjekt som får støtte. 

Publisert: 10.11.2025 10:48

Sist oppdatert: 10.11.2025 10:51

Mer om