GMI Group er ukjent for dei fleste, men truleg eit namn ein vil høyre meir om dei neste åra. I sommar blei det kjent at selskapet som blei registrert i mai, vil vere utgangpunkt for ei storsatsing på lasteskip.
På eigarsida er det investorar frå ulike miljø, men som har det til felles at dei har bygd opp betydelege reiarlag tidlegare.
– Vi har ikkje tenkt å drive dette med ein båt eller to, men har tenkt til å bygge ei sterk satsing mot kystfrakt. Vi er patriotar og glad i kysten og skipsnæringa, og har eit sterkt ønske om å strukturerer det vi meiner er ein ustrukturert bransje, seier Per Olav Myrstad til Nett No.
Han er styreleiar for selskapet med adresse i Hovdebygda. Det meiner han forresten er ein fin plass å drive verksemda frå – og seier dei ser føre seg å bli verande.

– Støtteordningane gjer det mogleg
GMI Group har allereie to fartøy under bygging ved det tyrkiske Gelibolu-verftet. Dei skal i hovudsak segle ved hjelp av hydrogen når dei blir levert i 2027.
Myrstad legg ikkje skjul på at Enova-støtta på til saman 172 millionar kroner har vore avgjerande for å realisere satsinga.
– Støtteordningane gjer det mogleg med ei slik grøn satsing og at vi får det økonomiske til å henge saman. Og maritim sektor har ein jobb å gjere for å kutte utsleppa, påpeiker han.
Vi ønsker å bli ein betydeleg aktør på miljøvenlege skip – og gjerne nullutslepp
– Skal segle så mykje som mogleg på hydrogen
Dei første lasteskipa GMI Group har under bygging blir 85 meter lange og er designa av Naval Dynamics. Utgangspunktet for framdrifta er dieselelektrisk med ei stor batteripakke. I tillegg er det ein brenselcelle som skal konvertere hydrogen til straum om bord.
– Vi skal segle så mykje som mogleg på hydrogen, og meiner vi skal klare å nærme oss 100 prosent, seier Myrstad.
Han påpeiker at dei har «brukbart lange briller» på seg i satsinga, og er trygg på at dei vil nå måla dei har sett seg.
– Vi ønsker å bli ein betydeleg aktør på miljøvenlege skip – og gjerne nullutslepp, legg han til.
Langøy er største aksjonær
Leif-Arne Langøy er største aksjonær i GMI Group og fortalde om satsinga på Romsdalskonferansen førre veke. Han samanlikna satsinga med oppbygginga av FSV Group. Reiarlaget fann ei nisje med moderne arbeidsbåtar og utkonkurrerte eksisterande flåte.
Det same meiner Langøy at GMI Group har funne med lasteskip og bulkfrakt.
Det vestlandstunge investorfellesskapet består mellom anna av folk som har vore med å bygge opp reiarlag som FSV Group og Intership.
I tillegg til Møre Sjø-gründerane Torstein Holsvik og Asgeir Standal, er investorar som Sven Erik Lie, Oskar Dag Sylte, Geir K. Sandnes, Reidar Munthe-Kaas Tveiten og Håvard Grøntvedt med på eigarsida.

Mange moglegheiter for kystfrakt
Det er allereie inngått kontrakt med Nordasfalt om frakt av asfalt for dei første skipa, men moglegheitene for frakt langs kysten er mange, påpeiker styreleiar Myrstad.
– Det kan vere alt frå sement og asfalt til lausmassar som sand, grus og pukk – men det kan også vere anna distribusjon. Vi jobbar med ulike segment og reknar på korleis ting kan gjerast, seier han.
Dei to første fartøya skal leverast i 2027, og Myrstad fortel at dei allereie har blitt kontakta av folk som gjerne vil mønstre på dei nye skipa.
Vi jobbar med ulike segment og reknar på korleis ting kan gjerast
Brunvoll-leveranse om bord
Enova har også gitt støtte til bygging av to nye tilsvarande fartøy. Førebels er det ikkje inngått byggekontrakt med verftet, ifølgje Myrstad.
Sjølv om investorane er lokalpatriotar, ser ikkje Myrstad føre seg at det er aktuelt å bygge skipa i Norge med dagens skilnad i kostnader mot utlandet.
– Stålstrukturar som i desse båtane blir i svært liten grad bygd i Norge lenger. Men vi er pragmatiske når det gjeld om ferdigstillinga kan skje i Norge. Også har vi ein del norsk utstyr om bord som propellar frå Brunvoll, legg han til.
Publisert: 29.09.2025 05:00
Sist oppdatert: 29.09.2025 10:51






