Kort fortalt

– Femte året utan havbruksvekst

Når ikkje produksjonsmålet.

22.01.2016
(NPK): 2016 ligg an til å bli det femte året utan volumvekst i havbruksnæringa. Noreg når heller ikkje produksjonsmålet på fem millionar tonn innan 2050, trur administrerande direktør Ragnar Nystøyl i Kontali Analyse.
Sjølv om prisane har auka – mykje takka vere flaks og valutautvikling – har voluma stått i ro, peika Nystøyl på i eit foredrag under Sjømatdagane i Stjørdal måndag.
– Volummessig har vi stått meir eller mindre i ro i 2015. Laks og aure har auka med cirka 30.000 tonn til 1,31 millionar tonn, mens fiskeria er uendra på 2,31 millionar tonn, sa Nystøyl, ifølgje nettavisa IntraFish.
Kontali Analyse spår ein produksjonsnedgang på 3 prosent i Noreg i år, og sjølv om nedgangen venteleg blir vesentleg større i Chile, kan voluma i Noreg bli dei lågaste på åtte– ti år, trur Nystøyl.
– Ein må akseptere at voluma frå villfangst varierer i takt med bestand og kvotar. Men innanfor akvakultur ligg vi an til å få fem år utan særlege endringar i volumet, sa Nystøyl.
Målet om eit samla volum på fem millionar tonn fisk frå akvakulturnæringa innan 2050 – eit tal som stammar frå ein Sintef-rapport – trur han òg næringa må sjå langt etter.
– Slik det er no, kjem vi ikkje til å nå målet. Sjølv med seks prosent vekst annakvart år kjem vi til å mangle 1,2 millionar tonn i 2050, sa Kontali-sjefen.

Publisert: 22.01.2016 10:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49