Kort fortalt

Fengsla i fire veker

I varetekt etter hotellbrann.

02.12.2016
Dei tre sikta etter hotellbrannen i Selje er varetektsfengsla i fire veker. Det avgjorde Fjordane Tingrett i dag.
Dei er sikta for brannstifting eller medverknad til brannstifting i tillegg til forsikringsbedrageri. Alle tre er knytt til hotellet og ein av dei sikta er medeigar i hotellet.
Hotellet er forsikra i Gjensidige.
Hotellet har gått med underskot i fleire år og i følgje 2015-rekneskapen er eigenkapitalen tapt.

Publisert: 02.12.2016 17:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43