Kort fortalt

Ferjefri E39 blir truleg utsett igjen

Kan verte utsett til 2050.

20.02.2018
NPK-NTB: Statens vegvesen opnar for at ferjefri E39 kan bli utsett med ytterlegare 17 år, til 2050.
Nyheita om at Statens vegvesen legg ein ny strategi for prosjektet Stoltenberg-regjeringa lanserte i 2013 vart sleppt på eit seminar 5. februar, skriv Klassekampen.
– Det som uroer meg, er at når noko blir skyvd så langt ut i tid, så har vi ingen forsikringar om at alle prosjekta kjem på plass. Då blir det berre endå ein plan, seier fylkesordføraren i Møre og Romsdal, Jon Aasen (Ap), til Klassekampen.
Ifølgje avisa er ikkje Stortinget informert om den nye strategien, men leiaren i transport- og kommunikasjonskomiteen, Helge Orten (H), seier til avisa at ei strategiendring var nødvendig.
– Eg kjenner ikkje til kva som ligg til grunn for strategien. Så lenge dei prosjekta som er mest nyttige, kortar reisetida mest, har mest trafikk og knyter saman større arbeidsmarknadar kjem først, verkar framdriftsplanen fornuftig, seier han.

Publisert: 20.02.2018 18:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39