(NPK-NTB): Onsdag vart det klart at Torghatten aksepterer at selskapet ikkje får ta kontroll over konkurrenten Fjord1. No vil minoritetsaksjonær Havila diskutere børsnotering av Fjord1.
Konkurransetilsynet sette foten ned for oppkjøpet, og det aksepterte Torghatten og Sogn og Fjordane fylkeskommune, som er hovudeigar i Fjord1.
– Det kjem av ei totalvurdering. No står fylkesutvalet fritt til å vurdere andre løysingar, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).
Ein av dei som var mot salet til Torghatten og som no har forslag til ein anna løysing, er Per Sævik, skriv Dagens Næringsliv. Han representerer mindretalsaksjonær Havila i Fjord1 og vil diskutere ei børsnotering av ferjeselskapet.
– Ein slik tanke er ikkje framand. Det føreset at begge eigarane er interesserte og det har eg inga meining om, seier Sævik.
Havila har også varsla søksmål mot fylkeskommunen fordi selskapet meiner ein forkjøpsrett er omgått i samband med planen om å selje til Torghatten. Sævik vil ikkje seie om denne saka blir trekt etter at salet er stoppa. (©NPK)

Publisert: 17.08.2016 16:43
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44