Kort fortalt

Ferskvatn mest effektivt mot lakselus

Oppdrettsnæringa brukar behandlinga lite.

NPK
26.07.2023

(NPK): Nye undersøkingar viser at ein avlusingsmetode er betre enn dei andre. Likevel vert behandlinga lite brukt av oppdrettarane.

Nye forsøk frå Havforskingsinstituttet har konkludert med at å bade fisken i kaldt ferskvatn er den beste måten å bli kvitt lakselusa på og sikrar dyrevelferda til fisken i større grad.

Men denne metoden blir ikkje brukt av oppdrettarane, skriv NRK. Her er det å bade fisken i varmt ferskvatn og å spyle eller børste fisken fri for lus som er dei vanlegaste metodane.

Desse behandlingane skadar og stressar fisken meir, ifølgje Havforskingsinstituttet.

Oppdrettsnæringa kan ikkje love nye, meir skånsame avlusingsmetodar med det første.

– Alle metodar skal vere dokumentert dyrevernsmessig forsvarlege. Og så går det føre seg eit kontinuerleg forbetringsarbeid. I første omgang ser ein på korleis ein kan kombinere metodane ein har no. Vi er heilt avhengige av å kunne rotere mellom ulike metodar. Vi er nøydde til å gjere alle metodane betre, seier fagsjef for miljø og helse i Sjømat Noreg, Karoline Skaar Amthor, til NRK.

(©NPK)

Publisert: 26.07.2023 16:08

Sist oppdatert: 26.07.2023 16:08

Mer om