Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i Ld Filmskole Stiftelse i Ålesund.
Bakgrunnen er krav på nær 65.000 kroner i lønn og feriepengar til ein tidlegare tilsett.
Ingen frå filmskulen møtte i retten, som heller ikkje hadde fått opplysningar om gyldig fråvær.
Det siste rekneskapen som er levert til Brønnøysundregistera viser eit underskot før skatt på 900.000 kroner frå ei omsetning på 958.000 kroner.
Personane bak filmskulen er dei same som stod bak filmproduksjonsselskapet Ld Studio, som gjekk konkurs tidlegare i år.
Publisert: 08.10.2024 10:55
Sist oppdatert: 08.10.2024 10:56