Kort fortalt

Fire av ti med strauminnstramming

Nær fire av ti må stramme inn for å kunne betale straumrekninga.

20.12.2021

Mange må stramme inn på andre kostnader for å kunne handtere straumrekninga, ifølgje ei ny Kantar-undersøking. Der svarer 38 prosent at dette gjeld dei.

I Kantars energibarometer for fjerde kvartal svarer 7 prosent også at dei treng hjelp for å kunne gjere opp for seg, melder NRK.

– Mange forbrukarar er fortvila no, seier avdelingsleiar Eva Fosby Livgard i Kantar.

Det er først og fremst dei yngre som blir ramma, ifølgje Livgard.

– Dei siste vekene har vi høyrt om studentar som må redusere på komforten – skru ned på innetemperaturen, dusje andre stader enn heime og som er forsiktige med matlaginga, seier ho og legg til at også aldersgruppa frå 30 til 45 år blir ramma særleg.

Kantar-undersøkinga vart gjord i perioden 25. november til 8. desember – før regjeringa kom med den siste straumstøttepakken sin.

Måndag blir det sett rekord på både timeprisen og dagsprisen på straum i Sør-Noreg. Snittprisen per kilowattime vil liggje på 3,11 kroner i Sør-Noreg. Mellom klokka 18 og 19 er prisen på 4,59 kroner per kilowattime.

Publisert: 20.12.2021 08:29

Sist oppdatert: 20.12.2021 08:30

Mer om