NPK-NTB: Sjøfartsdirektoratet har delt ut gebyr på fleire hundre tusen kroner til fire reiarlag for brot på reglane rundt svovelinnhald.
Hittil i år har fire reiarlag fått gebyr for brot på reglane om svovelinnhald i drivstoff, skriv . Gebyra er på frå 200.000 til 400.000 kroner.
Kommunikasjonsdirektør i Sjøfartsdirektoratet Dag Inge Aarhus seier det er relativt høge gebyr for brot på regelverket knytt til svovel.
– Dette kjem av – forutan miljøaspektet ved for høgt svovelinnhald – at vi ønsker å forhindre at dei som ikkje held seg til regelverket skal få ein konkurransefordel ved å bruke rimeleg og meir miljøfarleg drivstoff, seier Aarhus.
1. januar 2015 måtte reiarlaga redusere innhaldet av svovel i bunkersen frå 1 til 0,1 prosent på skip som seglar innanfor Austersjøen, store delar av Nordsjøen og Den engelske kanalen (det europeiske SECA-området). Om lag 10.000 skip driv godstransport i dette området.
I fjor vart det delt ut fem slike gebyr.

Publisert: 27.12.2017 11:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40