(NPK): Det skriv Fiskeribladet Fiskaren.
Telenor lanserer i desse dagar ei ny teknologisk GSM-løysing som skal sørgje for at fiskarane skal kunne bruke sine eigne mobilar om bord i fiskebåtane, til og med når dei er langt utanfor dekning.
Teknologien er allereie installert på sju fiskebåtar og går ut på at det vert installert basestasjon om bord.
– Vi blir sjølv imponert over det vi gjer. Det er jo ei verdsnyheit. Nokre tenkjer at mobiltelefonar er så vanleg i dag, men fiskarane legg jo frå seg mobilane når dei går om bord, seier Frode Vindenes, salsleiar i MCP, eit selskap i Telenor-gruppa, til avisa.
Teknologien er ikkje ny, og er blitt brukt på ferjer og cruisebåtar i rundt ti år, men det har ikkje lønt seg å lage mindre basestasjonar, før no. To nautiske mil utanfor kysten, slår utstyret seg på automatisk.
– 20 nautiske mil utanfor land, er det eit dødmannsland. No har ein i alle fall moglegheita. I dag er det mange ungdommar om bord, og dei vil gjerne ha Facebook og Snapchat medan dei er ute, seier Vindenes.
Systemet er ikkje ei viktig løysing for havfiskeflåten med tanke på tryggleik, for der finst det allereie andre løysingar. Men dette er eit velferdstilbod til dei som er langt heimanfrå. (©NPK)

Publisert: 09.10.2015 12:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50