Kort fortalt

Fiskarane redde for svekt overvaking og beredskap

Norges Fiskarlag meiner Kystvakta gjer ein stor feil når dei to overvåkingsflya i nordområda vert sette på bakken.

11.02.2014
(NPK): Frå 31. mai skal ikkje Lufttransport overvake havområda for Kystvakta, og det kan dermed bli lettare å sleppe unna med fiskerikriminalitet i nordområda, fortel NRK.
Med Dornier-flyet sitt har Lufttransport enorm rekkevidd til å overvake fiskeriet og delta i søk i Nord-Noreg. Til no har flya, som har base på Svalbard, vore på vengjene i 400 timar i året. Men kontrakten er ikkje fornya, og helikoptera som skal erstatte flyovervakinga er ikkje på plass før i 2018.
Leiar i Norges Fiskarlag, Kjell Ingebrigtsen, meiner situasjonen er uakseptabel.
– Det er opplese og vedtatt at nordområda skal prioriterast. For fiskarane er ein slik svekking er fullstendig uakseptabelt, seier han til NRK.no.
Fiskarane fryktar både kva som vil skje med ulykkesberedskapen og meir tjuvfisking når flya forsvinn.
Kystvakta avsluttar kontrakten med Lufttransport om overvaking av nordområda for å spare pengar i samband med innfasinga av dei nye NH90-helikoptera, som skal overta for dei gamle Lynx-maskinene. Kystvakta skal ha åtte nye helikopter og fregattane seks. Det siste av dei 14 helikoptera skulle ha vore levert i 2008, men berre tre er på plass. Dermed står Kystvakta att med dei gamle Lynx-helikoptera, eit Beechcraft-fly i Bergen, AIS-satellittovervaking og to Orion-fly på Andøya, når kontrakten med Lufttransport går ut 31. mai.
Kystvaktsjef Lars Saunes avviser at beredskapen vil lide når flya vert sette på bakken.
– Kystvakta må effektiviserast. Kontrakten med Lufttransport kostar 16 millionar i året, det er mykje for Kystvakta når vi får auka kostnader i samband med bruk av NH90-helikoptera. Målet for Kystvakta er å kunne gjere all overvaking sjølv, utan å måtte leige inn fly, seier han til NRK.no.
Dei åtte helikoptera som skal erstatte flya, vil vere i drift innan 2018. Seks av dei skal vere på plass innan januar 2015. I mellomtida vert andre ressursar sette inn i arbeidet med overvaking.

Publisert: 11.02.2014 10:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:21