(NPK): Det fortel organisasjonen Norske Lakseelver i ei pressemelding.
I fjor vart det fiska 107.701 laks i norske elvar går det fram av tal frå Statistisk sentralbyrå. Det er ein nedgang på 19 prosent samanlikna med året før og ein nedgang på 18 prosent samanlikna med årlege gjennomsnittsfangstar sidan tusenårsskiftet.
– Som ein følgje av fangstkvotar og andre fredingsreglar vert ein stadig større del av fangsten sett ut att. Dette sikrar at det er nok gytefisk igjen i elvane etter fiskesesongen, og viser at elveeigarlag og sportsfiskarar tek ansvar for å sikre framtidige laksegenerasjonar, påpeiker organisasjonen.
Sidan 2009, då gjenutsetjingstala blei registrerte for første gong, har delen utattsett laks auka. Totalt vart 15.912 laks sett levande tilbake i norske elvar i fjor. Dette utgjorde 14,8 prosent av den totale elvefangsten, og utgjer like mykje laks som totalmengda av avliva laks i kjende elvar som Altaelva, Repparfjorden, Gaula, Orkla, Bjerkreimselva, Otra og Numedalslågen til saman.

Publisert: 27.01.2014 14:38
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22