Kort fortalt

Fiskarlaget krev dab-utsetjing i nord

Fryktar dårleg dekning til havs.

02.12.2016
(NPK): Norges Fiskarlag er framleis usikre på om dab-dekninga er god nok til havs, og ber styresmaktene utsetje stenginga av FM-nettet i Nordland.
I eit brev til dei parlamentariske leiarane på Stortinget oppmodar Fiskarlaget dei politiske partia til å utsetje stenginga av FM-nettet til «det er avklart om den faktiske dab-dekninga er god nok over både land og sjø». Minstekravet må vere at den digitale dekninga er minst like god som FM-dekninga, meiner organisasjonen.
– Vi er svært urolege for tryggleiken langs kysten når dab-nettet etter planen skal erstatte FM, og at ein vel å gjere det midt under torskefisket, seier leiaren i , Kjell Ingebrigtsen.
Nordland er det første fylket som sløkkjer FM-sendingane, etter planen i januar, akkurat når fiskarane startar vintersesongen og lofotfisket. Da er dei avhengige av å få inn vêrmeldingane på radio.
Stortinget skal tysdag behandle eit framlegg frå Framstegspartiet om å utsetje FM-sløkkinga. Ifølgje Klassekampen vurderer Arbeidarpartiet om dei skal støtte framlegget og kan da saman med Senterpartiet danne fleirtal. (©NPK)

Publisert: 02.12.2016 13:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43