Kort fortalt

Fiskarlaget motstandar av megamerd

Motstand mor verdas største merd.

28.12.2015
(NPK): Norges Fiskarlag er i mot å plassere den største laksemerden i verda utanfor Gildeskål kommune i Nordland.
Oppdrettsselskapet Gigante Offshore startar i 2016 bygginga av ein såkalla supertankmerd for utaskjers lakseoppdrett, skriv Fiskeribladet Fiskaren. Merden skal etter planen plasserast på yttersida av Fugløy i Gildeskål. Der blir han ankra opp som eit skip.
Fiskarlaget meiner merden legg beslag på eit for stort område, og at anlegget blir lagt midt i eit sildefelt.
– Det er også gytefelt for skrei og kysttorsk i dette området. Dermed får dette prosjektet negative konsekvensar for fiskeriinteressene i område, seier fiskelagsleiar Kjell Ingebrigtsen til avisa.
Merden skal vere 500 meter lang og ha ein diameter på 40 meter. Han får ein kapasitet tilsvarande 8,5 laksekonsesjonar. (©NPK)

Publisert: 28.12.2015 14:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49