Kort fortalt

Fiskebåt skuffa over oljevedtak

Er redd for fisken på Vikingbanken.

23.11.2017
Miljøverndepartementet opnar for at Statoil kan bore etter olje på Vikingbanken. Styreleiar i Fiskebåt, Jonny Berfjord er skuffa.
- Vi er skuffa ovar at departementet prioriterer oljeinteressene framfor fiskeri. Vi hadde venta at klagen vår på vedtaket frå Miljødirektoratet skulle få medhald i departementet. Dette er eit område som har vore stengt for fiske i fleire år, for å verne om fiskeinteressene i området, seier Berfjord, i ei pressemelding.
Eit samla fiskerimiljø med Fiskebåt, Fiskarlaget, Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet, har gitt klare råd mot oljeaktivitet i det aktuelle området.
Feltet rundt Viktingbanken er eit viktig gytefelt for Tobis. Fisken held til på sandbotn og ligg i stor grad av tida nedgravd i botnen. Området har i fleire år vore stengt for fiske, for at bestanden av tobis skal få bygge seg opp igjen.
- Det framstår difor som merkeleg at Statoil no får løyve til aktivitet med fare for utslepp, berre 300 meter frå eit tobisfelt, seier Berfjord.

Publisert: 23.11.2017 12:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40