Kort fortalt

Fiskehovudprodukt for Sintef

Har funne nye bruksområde for fiskehovud.

14.11.2017
NPK :Forskingskonsernet Sintef undersøkjer korleis ein kan utnytte fiskehovud optimalt. Dei har no fått ut eit råstoff frå hovuda med god smak og høgt proteininnhald.
– Vi har oppnådd eit veldig høgt proteininnhald på 87,5 prosent, lite feitt og høg stabilitet, forklarar forskar Robert Wolff i Sintef Ocean til
Fiskehovud og bein går rett inn i eit prosessanlegg som Sintef har hatt i 12 år. Prosessanlegget har hatt ein auke i produksjonen heilt sidan oppstarten. Wolff og Sintef trur det er mogleg å lage industri av å vinne ut råstoff av fiskehovud. Utfordringa ligg, ifølgje dei, i å få produktet ut i marknaden.

Publisert: 14.11.2017 13:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41