Kort fortalt

Fiskeriavtale med Grønland

Noreg og Grønland einige om fisken.

13.12.2016
NPK: Noreg og Grønland er einige om ein ny fiskekvoteavtale for 2017. I tillegg blir forskingssamarbeidet vidareført.
– Eg har er nøgd med at Noreg og Grønland er einige om ein kvoteavtale for 2017, seier fiskeriminister Per Sandberg, som legg til at fiskekvotane ved Grønland har blitt godt nytta gjennom 2016.
Kvotane for neste år blir, for dei fleste fiskebestandane, vidareførte på om lag same nivå som for 2016. Éin stor forskjell er at Noreg sine moglegheiter til å fiske kveite ved Aust-Grønland er redusert med 90 tonn. Tilbake har Noreg fått ein auka brosmekvote på 140.
Grønland sin kvote i Barentshavet er sett til 3.700 tonn torsk, 900 tonn hyse og 500 tonn sei i 2017. I tillegg får Grønland ein bifangst på 300 tonn.
Noreg sin kvotar på blåkveite blir på 900 og 400 tonn ved høvesvis Vest- og Aust-Grønland. Torskekvoten blir på 1.200 tonn, uer på 800 tonn, i tillegg til ein bifangst på 150 tonn av andre artar.
Eit fleirårig forskingssamarbeid blir vidareført og utvikla, i tillegg til at eit nytt forskingsprogram om effektane av klimaendringane på fiskebestandane og økosystema i vestnordiske farvatn er sett i gang.

Publisert: 13.12.2016 14:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43