NPK: Til vanleg jobbar Frio Nordica med å lage is til kjøling av fisk. Men no ser dei føre seg at dei kan bidra med å produsere framtidas snø i prosjektet Snow for the future.
– Dette gjev oss ein ny moglegheit. Me trur at ismaskinene våre kan brukast til å lage snø i plussgrader, seier Per Johansen i Frio Nordica til Gemini.no.
Forskarar frå NTNU og Sintef fekk i januar i år millionstøtte frå Kulturdepartementet for å starte prosjektet Snow for the future, der Norges skiforbund, Trondheim kommune og Skiskyttarforbundet òg er med.
Dei er inne i fase to av prosjektet, og målet er å finne samarbeidspartnarar i industrien. Erik Røste, president i Norges skiforbund, fortel at det er få prosjekt Skiforbundet har hatt som har fått så stor interesse, både i inn- og utland.
Det vil ta tid for forskarane å løyse miljøutfordringane som er knytt til snøproduksjonen i dag. Ingrid Camilla Claussen, som er forskingsleiar ved Sintef Energi, seier at energiforbruket i produksjon av snø i dag er for høgt.
– Den største barrieren i dette prosjektet er å få fram nye, gode teknologiske løysingar, legg ho til.
No jobbar difor forskarane for å lage klimavenleg snø i plussgrader. For ikkje å kaste bort energi, vil dei utvikle varmepumper der den kalde sida bli bruka til å produsere snø, medan den varme sida skal tene som oppvarmingselement.
Frio Nordica har tidlegare levert snø til eit alpinanlegg i Japan, og Per Johansen er både imponert og overraska over kor stort feltet og behovet for snø er.

Publisert: 10.11.2017 13:24
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41