Kort fortalt

Fiskerstrand tapte mot eksdirektør

Gjekk til søksmål mot tidlegare leiar.

09.01.2023

Multi Maritime i Førde har tapt eit søksmål mot sin tidlegare direktør, ifølgje Sunnmørsposten.

I staden for erstatning på 6,2millionar kroner, må selskapet betale sakskostnadene til motparten på kring 700.000 kroner.

Direktøren valde å seie opp stillinga si etter å ha røke uklar med styret.

Skipsdesignfirmaet som er eigd av Fiskerstrand Holding i Sula, meinte den tidlegare direktøren hadde brote lojalitetsplikta og handla i strid med god forretningsskikk i oppseiingsperioden. Det var ikkje Sogn og Fjordane tingrett samd i, og frifann mannen.

Publisert: 09.01.2023 11:22

Sist oppdatert: 09.01.2023 11:23

Mer om