Kort fortalt

– Fiskeyngel føretrekkjer plast

Vil ha plast framfor vanleg føde.

06.06.2016
(NPK): Fiskeyngel i Austersjøen vil heller ete mikroplast enn vanleg føde, viser ein ny, svensk studie.
Dette kan blant anna føre til at fiskeyngelen veks saktare og at den naturlege og livsviktige frykta for rovfisk forsvinn, skriv Ny Teknik, referert av Dagens Næringsliv.
– Resultata er verkeleg ubehagelege. Dette er første gong at vi ser at eit dyr føretrekkjer å ete plastpartiklar framfor naturleg mat, seier marinbiolog Oona Lönnstedt ved Universitetet i Uppsala til Ny Teknik.
Heile 88 prosent av havoverflata inneheld plastavfall, ifølgje ein studie frå 2014. All plast som hamnar i havet vil over tid blir fragmentert til mikroplast, ifølgje Miljødirektoratet.
Tidlegare i år åtvara World Economic Forum om at det vil vere meir plastsøppel enn fisk i verdshava i 2050 dersom ein ikkje straks gjer noko. (©NPK)

Publisert: 06.06.2016 13:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45