(NPK): Vegvesenet har takka nei til anboda frå Fjord1 på fornya drift av ferjesambanda Halhjem– Sandvikvåg og Mortavika– Arsvågen på E39 mellom Stavanger og Bergen. Ferjene lagar for mykje støy.
Fjord1 var det einaste selskapet som la inn anbod på dei to ferjestrekningane, som er av dei mest trafikkerte i Noreg. Fjord1 nyttar i dag gassferjer på strekningane, men dei lever ikkje opp til dei nye støykrava til Vegvesenet.
– Fjord1 har ikkje klart å dokumentere at ferjene er innanfor støykravet, seier fagkoordinator Anders Sæternes i Statens vegvesen til NRK.
Det er førebels uvisst om det no blir ein ny anbodsrunde og om Fjord1 da må leggje inn eit nytt tilbod. (©NPK)

Publisert: 16.11.2015 13:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50