Kort fortalt

Fjord1 først med biodrivstoff

Ved nyttår skal ferjene på sambandet Hella– Dragsvik– Vangsnes over på fornybar diesel.

01.10.2015
(NPK): Med det blir Fjord1 det første ferjereiarlaget til å ta i bruk fornybart drivstoff.
Biodrivstoffet frå selskapet Eco-1 gir mykje lågare utslepp av nitrogenoksid (NOx) og svovel, noko ikkje minst miljøorganisasjonen Zero er glad for.
– Fjord1 viser veg for fornybart drivstoff for mange andre ferjer og skip. Dette er eit viktig steg i det grøne skiftet i transportsektoren, seier Marius Gjerset i Zero til Dagens Næringsliv.
Han håper no at fleire av dei totalt 180 ferjesambanda i Noreg får fornybare løysingar med batteridrift og biodrivstoff.
Tidlegare i år fekk Sogn og Fjordane den første batteridrivne ferja i Noreg da Ampere vart sett i drift mellom Lavik og Oppedal i Sognefjorden. (©NPK)

Publisert: 01.10.2015 13:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50