NPK-NTB: Før påske oppgav 53 prosent av medlemmene til Landslaget for lokalaviser å ha sendt ut permisjonsvarsel. Ytterlegare 19 prosent vurderte å gjere det.
Undersøkinga Landslaget for lokalaviser (LLA) gjennomførte hos dei 120 medlemsbedriftene rett før påske er gitt att i .
Medan Sverige og Danmark har fått på plass eigne krisepakkar for mediebransjen før påske, er det så langt ikkje noko tilsvarande i Noreg.
I Danmark blir det gitt kompensasjon for dokumentert bortfall av annonseinntekter. I Sverige har regjeringa auka pressestøtta med 200 millionar kroner frå i år.
Tysdag før påske bad eit samla storting, minus Frp, regjeringa om å komme raskt med forslag til tiltak for mediebransjen. Bransjen hadde då allereie bede om 1,3 milliard kroner i krisepakke, 600 millionar kroner skulle erstatte tapte annonseinntekter.
Via Kulturdepartementets kommunikasjonsavdeling opplyser kulturminister Abid Q. Raja (V) at medieorganisasjonane har uttrykt at den generelle kontantstøtteordninga som regjeringa har innført for bedrifter som er ramma av koronakrisa, ikkje treffer mediesektoren.
Tidlegare denne veka har Raja snakka med «sentrale representantar for media». Han skriv i e-posten at dei jobbar «målretta vidare med» den vanskelege situasjonen som er oppstått og «vil komme tilbake til Stortinget så snart som mogleg.»

Publisert: 17.04.2020 08:27
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28