(NPK-NTB): Arbeidsløysa har stige til 4,6 prosent dei siste månadene, men no har mange arbeidsgivarar planar om å auke eller halde på bemanninga, viser ei ny undersøking.
Sesongjustert ligg forventa bemanningsauke på 5 prosent i ManpowerGroups arbeidsmarknadsbarometer for neste kvartal. Det er ein auke på 3 prosentpoeng samanlikna med førre kvartal, og 2 prosentpoeng samanlikna med same periode i fjor.
– Sjølv om arbeidsmarknaden ser noko lysare ut enn i førre kvartal, er det for tidleg å slå fast om dette er ein varig trend, seier Maalfrid Brath konsernsjef i ManpowerGroup.
751 arbeidsgivarar har tatt del i undersøkinga for neste kvartal. 8 prosent av dei svarer at dei ønsker å auke bemanninga, 4 prosent forventar å nedbemanne og 85 prosent seier dei vil halde oppe den bemanninga som er i dag. Dei mest optimistiske utsiktene er i Sørvest og Midt-Noreg, mens arbeidsgivarar på Austlandet er minst optimistiske.
– Arbeidsgivarar på Austlandet er usikre på arbeidsmarknaden framover og har inntatt ein vente-og-sjå-haldning, seier Brath.
I Oslo og på Austlandet ligg forventa bemanning på beskjedne 1 prosent. (©NPK)

Publisert: 08.12.2015 12:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49