Kort fortalt

Fleire bankkundar ber om avdragsfritak

Høgare straumprisar er årsaka.

07.09.2022
(NPK-NTB): Høgare straumprisar bekymrar og har ført til at fleire bankkundar ønskjer avdragsfritak på lån, ifølgje Nordea.

– Det er mange kundar som etterlyser hjelp for å førebu seg på vinteren, seier leiar for privatmarknaden i Nordea Norge, Randi Marjamaa til NRK.

Banken har hatt ein betydeleg auke i søknader om avdragsfritak på lån frå kundar i Sørvest-Noreg, som er regionen med dei høgaste straumprisane.

– Det er ei dobling sidan førre halvår, og frå ei veke til ein anna i august var det ei firedobling, seier Marjamaa.

Avdragsfritak inneber at nedbetalinga av lånet blir utsett. Rentene spring som før.

(©NPK)

Publisert: 07.09.2022 11:08

Sist oppdatert: 07.09.2022 11:09

Mer om