Kort fortalt

Fleire bedrifter gjekk konkurs i august

Stor auke frå i fjor.

01.09.2022

(NPK-NTB): I august gjekk 215 selskap konkurs i Noreg. Det er 52 prosent fleire samanlikna med august i fjor. I serveringsbransjen vart talet på konkursar nesten dobla.

– Oppblomstringa i sommar av konkursar heldt fram i august. Basert på dei siste månadene er vi inne i eit trendskifte med sterk konkursvekst, og hausten ser ikkje lovande ut, seier administrerande direktør Christian Aandalen i Fair Group.

I august gjekk 215 selskap konkurs, samanlikna med 140 i august i fjor. Så langt i år har 1.974 selskap gått konkurs, nesten 15 prosent fleire samanlikna med same periode i fjor.

Serveringsbransjen og detaljhandelen trekkjer opp konkurstala. I alt gjekk 27 serveringsverksemder konkurs i august, nesten dobbelt så mange som i august i fjor.

I august vart konkursane også større og meir alvorlege. Verksemdene som gjekk konkurs, omsette for omtrent 1,1 milliard kroner, opp 86 prosent samanlikna med august i fjor. 723 tilsette vart ramma av konkursane.

– Rekordhøge energiprisar inn mot vinteren gjer at vi ventar at inkasso både i bedrift og privat knytt til straum vil auke sterkt, seier Aandalen.

(©NPK)

Publisert: 01.09.2022 10:02

Sist oppdatert: 01.09.2022 10:03

Mer om